Hei! Har du fått spørsmål om å bli med i en undersøkelse fra Kantar og HRmagasinet?
Vi trenger kunnskap og innsikt om våre lesere.
Derfor har vi engasjert Kantar – et av Norges ledende analyseinstitutt – til å hjelpe oss med å gjennomføre undersøkelsen.
Mange av våre abonnenter og lesere har fått undersøkelsen tilsendt på e-post fra Kantar, og dette er en vennlig påminnelse til deg om å bidra med dine svar.
Sammen lager vi bedre innhold!
Beste hilsen
Geir Christiansen, redaktør HRmagasinet
Portalen åpen for nye søknader om lønnsstøtte
Søknadsportalen for lønnsstøtte opnar igjen onsdag 1. september. Arbeidsgivarar kan søkje om lønnsstøtte for perioden 15. mars til 30. juni 2021. Søknadsfristen for denne støtteperioden er 30. september i år.
I søknadsperioden kan konsern sende samla søknad. Søknader for perioden 1. juli til 31. august 2021 kan sendast inn frå 1. oktober. Søknadsfristen for denne støtteperioden er 31. oktober i år.
Lønnsstøtteordninga går ut på at kriseramma bedrifter kan få inntil 25.000 kroner per månad i støtte per tilsett dei har tatt heilt eller delvis tilbake frå permittering. Det kan også søkjast om lønnsstøtte for tilsette som jobbar i permitteringstida. Støttebeløpet blir rekna ut frå stillingsbrøken til den tilsette, permitteringsgraden og antal kalenderdagar den tilsette er tilbake i jobb. Det blir gitt inntil 15.000 kroner per månad i støtte for lærlingar som blir tatt tilbake i jobb.
Maksbeløpet per bedrift og konsern er sett til 9,4 millionar kroner for perioden 15. mars til 30. april, og maksbeløpet er 12,5 millionar kroner for perioden 1. mai til 30. juni. Maksimalt samla støttebeløp for heile perioden (15. mars til 31. august) er 21,9 millionar.
Rapporter riktig i a-meldinga
– For å kunne søkje lønnsstøtte er det viktig at bedrifta har rapportert riktig i a-meldinga til Aa-registeret (Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret), seier seksjonssjef Lene Marie Ringså i Skatteetaten.
A-meldinga er ei månadleg melding frå opplysningspliktige til NAV, SSB og Skatteetaten om inntektene, arbeidsforholda og forskotstrekka til dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift og finansskatt på lønn for bedrifta.
Skatteetaten har både maskinelle og manuelle kontrollar før utbetaling. Det tar derfor ca. ti dagar frå søknadsportalen opnar til dei første bedriftene kan få lønnsstøtte utbetalt.
Full openheit om støtte
– Både søknads- og utbetalingsprosessane er i stor grad automatiserte. Det er full openheit om kva bedrifter som får støtte gjennom ordninga, og Skatteetaten gjennomfører kontrollar av bedrifter som søkjer tilskot, seier Ringså.
I tillegg til eige kontrollarbeid, har også Skatteetaten eit nært samarbeid med Økokrim, politidistrikta og andre offentlege etatar som NAV, Tolletaten, Arbeidstilsynet og dei sju A-krimsentera.
På lonnsstotte.no finn arbeidsgivarar informasjon om ordninga og vilkår for å motta lønnsstøtte.
(Skatteetaten/NTB Kommunikasjon)