Hei! Har du fått spørsmål om å bli med i en undersøkelse fra Kantar og HRmagasinet?
Vi trenger kunnskap og innsikt om våre lesere.
Derfor har vi engasjert Kantar – et av Norges ledende analyseinstitutt – til å hjelpe oss med å gjennomføre undersøkelsen.
Mange av våre abonnenter og lesere har fått undersøkelsen tilsendt på e-post fra Kantar, og dette er en vennlig påminnelse til deg om å bidra med dine svar.
Sammen lager vi bedre innhold!
Beste hilsen
Geir Christiansen, redaktør HRmagasinet
Alt klart for lønnsstøtte-ordningen for desember
Arbeidsgivarar kan frå 10. februar søkje om lønnsstøtte for desember 2021. Lønnsstøtteordninga gjeld skattepliktige føretak som har fall i omsetning grunna smitteverntiltak, og ordninga skal bidra til at tilsette ikkje vert permitterte.
Søknadsportalen for lønnsstøtte opnar 10. februar. Søknader for januar og februar kan sendast inn frå 10. april og endeleg søknadsfrist for desember, januar og februar er 10. mai . Søknaden vert rekna som sendt inn ved stadfesting frå revisor eller autorisert rekneskapsførar.
Må ha eit omsetningsfall
Dersom bedrifta har iverksett permitteringar av tilsette, heilt eller delvis, frå og med 1. desember, fell bedrifta ut av ordninga. Unntaket er dersom bedrifta har tatt tilbake alle permitterte tilsette seinast 23. desember 2021. Då kan bedrifta søkje. Det vert ikkje gitt støtte for den tida dei tilsette var permitterte utover lønnspliktperioden.
Bedrifta må ha eit omsetningsfall på minimum 20 prosent i støttemånadene desember 2021, januar 2022 og februar 2022, samanlikna med tilsvarande månad to år tidlegare, eller samanlikna med gjennomsnittleg månadleg omsetning for oktober og november 2021. Bedrifta vel sjølv kva for referanseperiode som skal brukast for å berekne omsetningsfallet.
Bedrifter kan få inntil 40 .000 kroner per månad i støtte per tilsett og inntil 15 .000 kroner per månad per lærling.
– For å kunne søkje lønnsstøtte er det viktig at bedrifta har rapportert riktig i a-meldinga til Aa-registeret (Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret), seier seksjonssjef Gunn Åse Albinson i Skatteetaten.
Ti dagar til utbetaling
A-meldinga er ei månadleg melding frå opplysningspliktige til NAV, SSB og Skatteetaten om inntektene, arbeidsforholda og forskotstrekka til dei tilsette, i tillegg til arbeidsgivaravgift og finansskatt på lønn for bedrifta.
Skatteetaten har både maskinelle og manuelle kontrollar før utbetaling. Det tar derfor ca. ti dagar frå søknadsportalen opnar til dei første bedriftene kan få lønnsstøtte utbetalt.
– Både søknads- og utbetalingsprosessane er i stor grad automatiserte. Det er full openheit om kva bedrifter som får støtte gjennom ordninga, og Skatteetaten gjennomfører kontrollar av bedrifter som søkjer tilskot, seier seksjonssjef Gunn Åse Albinson.
I tillegg til eige kontrollarbeid, har også Skatteetaten eit nært samarbeid med Økokrim, politidistrikta og andre offentlege etatar som NAV, Tolletaten, Arbeidstilsynet og dei sju A-krimsentera.
På lonnsstotte.no finn arbeidsgivarar informasjon om ordninga og vilkår for å motta lønnsstøtte.
(Skatteetaten/NTB Kommunikasjon)